For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Kommunikasjon

Navnet skjemmer ingen - eller?

Etnemarknaden inviterer lokale matprodusentar og kjendiskokkar til å laga ein "Etne lunsj" på dagtid under Etnemarknaden. Me vart utfordra til å laga eit navn og eit "kommunikasjonskonsept" til dette arrangementet. EtnirDuggurd betyr EtneLunsj, og spelar på det ekte og naturlege, og Etne si tilknyttning til Viking-historia gjennom Erling Skakke.

 

Rett navn

Å ha det rette navnet på bedrifta, organisasjonen, produktet, tjenesten osv. kan vera svært avgjerande i kva grad ein lukkast. Det krev gode prosessar for å koma fram til rett navn. Tide, Rema 1000, Pizzatime, Suldalstrappa, Ølen Betong, Etne Sparebank, Ålesund Blikkenslagerverkstad og mange andre navn sender tydelege eller utydelige signaler, og kan vera både driverar i markedsarbeidet, men også bremseklossar.

 

Så lenge ein har hatt språk vil dei aller fleste navn eller kombinasjonar av bokstavar starta tankereaksjon hos dei som ser og les dei. Nokre gir gode assiasjonar og er lette å huska, medan andre ikkje er det.

 

Mange navn blir utvikla "i lunsjpausen" og under tidspress. Det er lett å vedta navnet når ein er i "vorspiel-stemning". Eit navn må etter vår meining gjennom ein navneprosess. Eit navn skal vera merkevarebyggande i seg sjølv over lang tid.

 

Vinnarskalle har modellar og prosessar for å utvikla navn som styrker bedrifta og merkevara. Og dermed også salget og prisen.

 

Eksempel: Sansa, Pizzatime, Suldalstrappa, Addxo...