Ulike Vinnarskalle-foredrag

Eit foredrag kan brukast både for å leggja eit grunnlag for å starta prosessar, til å styrka og underbyggja prosessar, for å motivera eller for å gi ny kunnskap. Ofte ei blanding av dette.
Vinnarskalle kan tilby ulike foredrag som er kvalitetssikra på same måte som alt anna Vinnarskalle tilbyr. Her er nokre av dei;
Det går eit rykte... (omdømme)
Det ryktet som går om deg, dine og di bedrift er for meg svært avgjerande for i kva grad du oppnår omsetning, marginar, kva tilsette du får, effektivitet, kvalitetssikring osv. Dette foredraget har vore "land og strand" i alle slags bedrifter og fora. Dette gjeld alle, og tilbakemeldingane svært positive. Det får effekt.
Formål - alle skal få betre forståing for kor viktig det er å formidla rett budskap på rett måte til rett målgruppe. Heilt avgjerande for alle!
Foredragshaldar - Frank Robert Abelseth
Ikkje snakk slik til meg...
Handlar om korleis ein kan kommuniserar både internt og eksternt for å lukkast i høgast mogleg grad. Små ord kan utgjera ein stor forskjell. Ulike eksempler på verdibasert og teknisk kommunikasjon, kroppsspråk, bekledning, timing, storytelling og anna som er viktig for å lukkast med måten ein snakkar på.
Foredragshaldar - Frank Robert Abelseth
Lysten til å prestera!
Formål - uansett kva me ynskjer å få til så må me tilstrekkeleg lyst til å prestera. Dette skal bidra til at alle har det ofte nok!
Foredragshaldar - Frank Robert Abelseth
Kva er Idèen?
Formål - belysa kor viktig det er med bedrifta sin idè. Er den rett for oss? Legg me opp alle strategiar etter den? Viser den oss vegen i alt me gjer?
Er idèen å vera ein leverandør av nøkkelboksar eller er det tryggleik for eldre og einslege? Er det å levera varmepumper eller er det eit betre inneklime me skal ha som idè? Dette er svært avgjerande. Dette foredraget har fått svært høg score, og fleire har meldt tilbake i etterkant at dei har gjort målretta endringar som har løfta bedrifta
Foredragshaldar - Frank Robert Abelseth
Spør gjerne om fleire Vinnarskalle-foredrag som passar dine utfordringar og målsettingar.