Ingen er i tvil om at det er av stor betydning korleis me snakkar, skriv, oppfører oss og kler oss. Alle dannar seg eit inntrykk av korleis vi er, kva vi er flinke til, kva vi er mindre flinke til, kva vi kan brukast til osv. på bakgrunn av dette. Me blir raskt satt i bås. Det viktige då er at signala me sender blir oppfatta slik me sjølv ynskjer, og at me blir plassert i rett bås.
Dette gjeld også alle bedrifter, kommunar, lag- og organisasjonar mm. Det er ikkje minst viktig at me er bevisste på kven vi er, kva behov me ynskjer å dekka, kva som er vår posisjon og kven me ynskjer å selja til og kva inntrykk me ynskjer at våre kundar skal ha når dei har hatt med oss å gjera. Kva lukt skal dei kjenna når dei høyrer om oss, les om oss, ser logoen vår osv.
Når desse grunnleggjande spørsmåla er besvart, og konseptet er utvikla, då kan me gå ut med "reklamen".
Og i desse dagar når produkta og tilbuda kan vera svært like, er det endå viktigare at me er den merkevara og sender dei signala som styrker denne.
Det er dette Vinnarskalle bidrar til!