For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Blogg

Tilbake til blogglisten

Korleis få selja fleire hus og hytter?25.06.2019

Fleire bygdar og bedrifter har dei same utfordringane.

Korleis få endå fleire "kundar"? Nokre bedrifter i Skånevik i byggebransjen og tomtebransjen gjekk saman om å laga arrangementet og konseptet "Bulyst Skånevik". Dette for å bli synlige på ein positiv måte og skapa ein "snakkis" for å selja fleire hus og hytter. Eg var heldig som fekk oppdraget som "prosjektleiar", og hadde i tillegg ansvaret for markedsføringa.

 

Me gjorde bl.a. dette:

1. Stod for organisering, programinnhald og gjennomføring (saman med ulike lag- og foreningar)

2. Gjorde intervjuer med fornøgde hyttefolk og innbyggerar, som me brukte i markedsføringar

3. Brukte Snap, VG, Finn.no, HA, Grannar, Facebook, flyers og div. til markedsføringa

 

Me jobba mykje saman med ulike personar, lag- og foreningar og sentrumsbutikkane for å skapa aktivitetar den dagen me skulle ha "visning av Skånevik". Dette for at dei som kom skulle få eit best mogleg inntrykk av Skånevik. 

 

Resultatet?

1. Mykje omtale og vart godt lagt merke til av svært mange

2. Stor aktivitet på ulike kanalar også i ettertid

3. Har delt ut ulike prospekt på ulike tomter, hus og hytter

4. Pr dato ser me fram til å få solgt den første tomta, huset eller hytta:)

 

At det er viktig å gjera seg attraktiv og visa igjen på beste måte er heilt sikkert. Men det er også viktig at det me tilbyr er attraktivt nok, rett prisa osv. Det er ei utfordring å få fisk på sjølv den flottaste sluken dersom der ikkje er fisk... 

 

Me vart enige om at me kjører på vidare:)

 

Takk for interessant oppdrag - helsing an`Frank

 

Attende