Tysvær Økonomi skifta navn til Addera08.01.2020
Eit navn betyr meir enn mange trur. Samtidig som det ofte er rett at "navnet skjemmer ingen". Firmanavn som er konkrete og inneheld f.eks. navn på plasser og ein konkret tjeneste kan ofte vera begrensande. Dette hadde også Tysvær Økonomi opplevd over nokre år, og gjennom ein evalueringsprosess vart det vedteke navneendring.
Vinnarskalle er glade for å både fått gjennomføra prosessen, laga det nye navnet og logoen/profilen. Dei har også fått nye og moderne lokaler i 2. etasje av Copp Extra-bygget på Frakkagjerd.
Vinnarskalle takkar for oppdraget og ser fram til vidare samarbeid.
Attende