Tar du vare på det kjæraste du har?06.04.2016
Å få fram budskap er ofte ei utfordring. Å sei ting på ein slik måte at me får dei reaksjonane me ynskjer. Gjerne kombinert med bilder. Vinnarskalle lever av å få bedrifter til å framstå på aller beste måte. Den viktigaste markedsføringa er måten dei tilsette behandlar kundar på og utfører jobben sin på, men av og til trengs reklame for å nå flest mogleg på kortast mogleg tid.
Rustbehandling av bilar er kanskje noko ikkje alle prioriterer heilt øverst. Eg fekk oppdraget med å få endå fleire til å tenkja over dette, og helst sjå verdien i å gjera det. Etter å ha "lest meg opp" på dette feltet, er eg ikkje i tvil og at neste bil skal rustbeskyttast. Den eg har no, er snart kjørt 300.000, og blir nok ikkje prioritert lengre:)
Håpar du likar denne måten å formidla eit rustent budskap på:)
Helsing an`Frank
Attende