For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Blogg

Tilbake til blogglisten

Strategi og kreativitet23.10.2015

Bang og Olufsen`s sjefsideolog i sekstiåra heite Svend Åge Kirkegård, populært kalt SAK. Han fekk svært stor betydning for utviklinga av B & O fordi han var mannen bak den strategiske forandringa som skapte bidrifta`s internasjonale gjennombrot.

 

SAK var eigentleg frå landsbygda, men følte seg om ein Europeer. Hans styrke var at han hadde ein intuitiv sans for markedsføring som han kompletterte med ei betydeleg teoretisk ballast. Ei ballast han på eige initiativ tileigna seg gjennom lesing og personlege kontaktar.

 

Han forstod før nokon andre i B & O betydninga av differensiering og profilering. I starten av 60-åra utvikla han setninga som skulle bli ein av tidenes mest markande reklameslogen:

 

”B & O – for den forbrukerkrets, der diskuterer smak og kvalitet før pris”


Setninga vart ikkje berre eit slagord. Den vart endå meir eit redskap til å gjennomføra bedriftas nye strategi. Den fekk såleis stor betydning internt fordi den på ein betre måte enn lange strategiske utredningar på ein kort og enkel måte forklarte medarbeiderane kva bedrifta sitt mål og strategi var. Dermed skapte B & O ein kommunikasjonsstrategi som vart banebrytande i si tid.

 

Eit av Svend sine avgjerande og kompletterande talent var evnen til å finna og knytta til seg dei rette medarbeiderane. Personar som verkeleg forstod strategien, hadde evner til å utføre og implementera den på sine fagfelt, og verkeleg var i stand til og motivert for å «leva ut merkevara».

 

Svend Åge Kirkegaard såg som få andre behovet for radikale strategiske forandringar, og fant midlane til å gjennomføra dei nesten utan at omgivelsane var oppmerksomme på kva som eigentleg skjedde.

 

SAK sine prinsipp og tenkemåte meiner eg er minst like aktuell i dag. Og noko Vinnarskalle jobbar etter kvar dag, for oss sjølv og våre kundar. Dei fleste bedrifter lever av å gjera ein forskjell, og for å oppnå denne forskjellen kreves sterk strategisk og kreativ tenkning.

 

Det er i skjæringspunktet strategi og kreativitet suksessen ligg:)

 

Her er nokre av dei «reklameslogen» Vinnarskalle har vore med å utvikla, som kundane bør leva etter og som skal gjera dei unike. Som også krev grundig arbeid når det gjeld å få alle til å forstå og ta til seg denne «merkevareidèen:

 

  • Alt på G.                    (Oland Kvalitetsstyring)
  • Alt på det rene           (Tekstil-Vask)
  • Nærmast alt.               (Sauda sentrum)
  • Skaper lyspunkt         (Husets Øyne, leverandør av dører og vindu)
  • Naturleg vis                (Sansa naturbarnehage)
  • Bevare deg vel           (Småfolk barnehage)
  • Jysele gildt                 (Gullingen fjellområde)
  • Eit steg vidare            (Suldalstrappa)



    Håpar dette var av interesse og gav motivasjon til å ta eventuelle grep i di bedrift.

    Frank Robert Abelseth – etter gode diskusjonar med Knut Føleide
Attende