For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten (cmd-tast på Mac) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Blogg

Tilbake til blogglisten

Kan navnet og slagordet hjelpa til slik at denne bedrifta blir ein stor suksess?22.06.2015

Navnet, logoen og slagordet er gjerne alt me får plass til i enkeelte "reklamar". Det er også slagordet/kundeløftet som skal vera vår rettesnor i alt me gjer og det som skal skilja oss frå konkurrentane. Svært avgjerande på kva som til slutt står nederst på "kassarullen"...

 

Då Bente og Ole fekk kjøpt eigedomen på Skånevikstranda, fekk dei tidleg lyst til å setja gamlahuset i stand til utleige. Møter, overnattingar, tid for seg sjølv, arbeid med strategiplanar, turistar og anna.

 

Vinnarskalle fekk oppdraget med å synleggjera verdiane med bygningane, dei ulike tilbuda, opplevingar med å vera der osv. Navnet vart presentert for oss og me gjorde vår vurdering. Var det treffande for dei ulike målgruppene? Var det for "feminint"? Var det for mykje eller lite beskrivande...? Vår vurdering var at dette var eit rett navn for konseptet. Ikkje minst for Bente som er den som skal fronta og driva konseptet. Det er det viktigaste.

 

 

Logoen

Me utvikla logoen. Sjølve ansiktet utad. Logoen skal posisjonera oss "rett inn" og skapa eit inntrykk av oss. Det skulle vera litt "kongeleg" og ærverdig. Det skulle raskt gi eit rett inntrykk av konseptet og skapa ei "dit vil eg" kjensla.

 

Slagord

Vinnarskalle er stor tilhengar av eit slagord. Eller ein merkevareidè/kundeløfte som me likar å kalla det. Noko me skal leva etter i alt me gjer. Noko kundane skal oppleva. Slagordet var - "god som gull". Dei som er der skal føla at dei er det, maten skal vera slik, opphaldet, aktivitetane, bahandlingane... Det er det som er Hjertehagen sitt kundeløfte. Dersom du vil føla deg "god som gull" er det til hjertehagen du skal reisa. 

 

Me takkar Hjertehagen for oppdraget og ikkje minst samarbeidet. For oss var det Godt som gull:)

Attende