Dei ser lyst på det folk i Vindafjord...12.04.2017
Vindafjord Kommune prøver å få fram alt det gode
Det er aller best om me kan gi rett og godt inntrykk av oss sjølve heile tida. Slik er det også for alle bedrifter, organisasjonar og ikkje minst kommunar.
Det viktigaste er at alle som arbeider i og for ei bedrift/kommune verkeleg er stolte av "logoen" og drakta, og gjer eit framifrå arbeid og kundebehandling heile tida. Skaper gode historiar. Men nå er det nå ein gong slik at gode historiar ikkje sprer seg så fort som me kunne tenkt oss. Dette er årsaka til at mange brukar nokre kroner på markedsføring. For å hjelpa dei gode historiane, og på den måten fortare og i eit større distrikt gjera oss attraktive.
Vinnarskalle har fått lov til å pussa opp profilen til Vindafjord kommune, har det kjekke oppdraget å laga ulike annonser, saman med dei som arbeider der.
Me håpar du likar det som blir presentert, og ta gjerne kontakt om du ønskjer å få alle til å byggja gode historiar, for deretter å "få dei ut".
Her er den annonsa som nå er på veg "ut" - helsing an`Frank
Attende